Tur med utsikt

Turboka på Veslekollen var utskrevet og er nå erstattet med en ny
Turboka på Veslekollen var utskrevet og er nå erstattet med en ny Foto: Milli Lilleeng

Vår turleder Anne Berit Hjermann anbefaler en vårtur med utsikt, noe som vil passe fint når vi går inn i helg med flott turvær:

I ei tid med pandemi og grunngiven helseangst har vi i Nittedal ein skatt i Marka.  Mange  kan gå rett ut og vera i skogen etter få minutt  på asfalt.

Fordi turboka på Veslekollen like ved Varingskollen er utskriven, blir målet denne gongen Veslekollen.  Vårvêret er fint, og ukjente stiar lokkar venninna mi og meg til å gjera ein lenger tur enn vi først hadde tenkt oss.  

Sørli

Turen startar på parkeringsplassen ved Sørli  og går gjennom  Luringen. Vi vel traktorvegen som går rett nordover i retning Skåltjern. Ca. 5oo meter etter Luringen går vi over Skåltjernsbekken.  Stien går rett austover, er tydelig og mjuk å gå på. Om sommaren er det blåbær i liene her, og av og til kantarell. No er det snøflekker og tele i marka. 

Snart møter vi eit stikryss. Vi tar stien som går til venstre og bratt oppover. Etter bratta kjem vi inn på ein open plass etter flatehogst. Ved å ta av ca. 50 meter til høgre, kjem vi inn på ein fin skogssti. Her vel vi stien til venstre som går bratt opp gjennom skogen med flatehogsten til venstre og bak oss. Stien er god å gå på og lett å følgja. Plutselig er vi oppe ved ein flott rasteplass.  Vi har kraftmastene mellom oss og Skåltjern.  

Lomtjernsmyra

Vi går vidare gjennom skogen rett aust.  Den vanlegaste vegen her er stien som går langs grøfta i skogkanten ved Lomtjernsmyra.  Vi vel ein smal, nesten usynleg sti til høgre.  Nokre skråpinnar viser kvar den startar.  Stien går opp langs åsryggen parallelt med den våte og slitne stien langs myra. Her oppe er det store furuer og  lauvskog.  Mellom trea ser vi Lomtjernsmyra på venstre side og Romerriksåsane på den andre sida.

Åbortjern

Snart er vi framme ved traktorvegen som går opp til Fossestua og ned til velteplassen nord for Høldippelen. Vi vel å gå til høgre og går ca 200 meter ned  til ei stor furu.  Der går vi til venstre ned til Åbortjern. Der tar vi til høgre og kjem til brua som dugnadsgjengen til Turkameratane har bygt over bekken. 

Geitberget

Herifrå finn vi stien som går vidare på austsida av Åbortjern.  Denne stien er først open langs tjern, myr og glatte svaberg, så blir det tettare med gran og furu. Ved eit stikryss tar vi til høgre og følgjer Geitvegen. Etter eit lite stykke ser vi  «Geita» til venstre for stien. Markaleksikonet fortel om «Geita» og kva ho blei brukt til. Stien svingar seg oppover lia og plutseleg ser vi Geitberget, ein lang smal rygg, stupbratt ned og med flott utsikt over austsida av dalen. Stien går vidare. Vi kryssar Sørslepen og fortset i retning kollen. 

Veslekollen

Eit stikryss gir to alternative stiar til Veslekollen: Enten til venstre ein kort, steinete og bratt eller til høgre ein lenger og slakkare  delvis er oppbygd sti. Her er det gamle mosegrodde tre, skumle slukter og rare formasjonar før han møter den blåmerka stien frå Fossestua og snart tek vi av til høgre opp til Veslekollen. 

Veslekollen består av blankskurte svaberg, sprekker med lyng og gamle krokete furuer. Utsikten er flott mot aust. Glittre skin gult som eit Soria Moria slott i sola bak Hakadal kyrkje.  Er ein heldig med veret er det vanskeleg å finne ein flottare rasteplass enn her på Veslekollen.

Vi tek med oss den gamle turboka,  legg ei ny i postkassa, og går vidare opp kneika mot Varingskollen. Ved stidelet vel vi å følgje Familieløypa eit stykke før vi tar av på blåmerka sti. Stien går bratt ned gjennom granskogen mot vest til Krølltoppmyra. 

Heitåsen

Frå Krølltoppmyra går vi til venstre rett sydover på blåmerka sti (Varingskollen rundt). Her er fleire myrer, så her er det vått. Frå Heitåsen har vi utsikt sydover til Ørfiske. Kanskje er det Oslofjorden og Skaugumåsen vi ser lengst borte? Her er det fine svaberg å sitja på og det passer fint å ta siste rasten.  Vi fortset på den blåmerka Varingskollen rundt stien til vi møter stien som kjem ned frå Varingskollen, rett før den gamle husmannsplassen, Fossestua.

Fossestua

Frå Fossestua tek vi 7 toppars-traseen mot Åbortjern og velteplassen over Høldippelen. Ca. 800 meter  frå velteplassen tek vi av vegen og finn stien mot vest og Lurslia. Snart er vi tilbake der vi starta turen for 15,3 km og 7 timar sidan.

Tips for denne turen

Putt turpassheftet i sekken, for på Veslekollen har turlaget hengt opp turpost nr. 10.  Vårsola er sterk. Så ta med solkrem, ekstra sokkar, genser og stor matpakke for to pausar. Bruk gode tursko, for underlaget  varierer. 

Viss koronasmitten blir verande lenger, kan det også vera lurt å ha med Bactrim eller hanskar til bruk når du handterer postkassa, kulepennen, boka og knipetanga på Veslekollen. Skulle du møta andre på den smale stien: Smil, hold pusten og hald deg fast i eit tre to meter unna stien!

GOD TUR

Fra Heitåsen har vi fin utsikt
Fra Heitåsen har vi fin utsikt Foto: Anne Berit Hjermann
Trolsk på Veslekollen
Trolsk på Veslekollen Foto: Anne Berit Hjermann

Skrevet av Kari Tveøy 17. april 2020