Langs Ørfiskes østside

Foto: Anne Berit Hjermann

Turlederne i Midtbygda er ustoppelige, så her kommer nok et forslag til tur. Denne går på østsiden av Ørfiske.

Frå turleiarane Eva, Viggo og Anne Berit: Tur langs stranda på austsida av Ørfiske - sør for Svenskevika

Vi er fortsatt litt nervøse på grunn av pandemien og dei høge smittetala, så vi ventar litt til med fellesturane. Men vi kan gå på eiga hand eller saman med nokre få venner.

Turen langs stranda på Ørfiske er ein litt ukjend tur, på umerka stiar, men for dei som likar å gå langs vatn og drøyma om varme sommardagar er han ein fin runde. 

Det er fleire måtar å komma til austsida av Ørfiske på. Vi valde å gå gjennom Luringen, opp bakkane mot Skåltjern. Rett etter der den nye traseen til skiløypa tek av til høgre opp bakken, går vi skarpt til venstre på ein smal sti over ei lita bru og skrått opp lia i retning vestsida av Skåltjern.  Vi kan nyta litt utsikt mot aust før vi  kjem opp til grusvegen som går rundt hyttefeltet mellom Ørfiske og Skåltjern. Der ser vi dei to gamle små murhyttene og vidare nokre meir moderne tømmerhytter. I neste kryss går vi til høgre inn ein blindveg som endar i ein mjuk sti i skogen. Vi føl den og kryssar grusvegen som gir tilgang til fleire hytter nær Ørfiske. I krysset kan vi beundre ei fantastisk flott rot, grøn og snirklete som eit moderne kunstverk.

Vi går langs neste sti gjennom blåbærskog, langs ei lang myr og nærmar oss Svenskevika og brua over vika. Her er det fleire myrer. Ca 50 meter før brua tek vi skarpt til venstre på ein sti som går langs vika. Området er myrlendt, men vi finn ein trase mellom to myrer som leier oss til ein tydelig sti vidare. Plutselig er vi ved munningen av Svenskevika og ser over til sørsida av Vaffelodden.  Her er det eit rundt fint svaberg og ei knøttlita badestrand. Vi har utsikt mot Tatertangen, Vaffelodden, innover Svenskevika og både nordover og sørover Ørfiske. I dag er det sol, stilt og klart vær, is innover vika og vi ser tydelig kor den gamle Grevevegen gjekk før Ørfiske blei oppdemt og to vatn vart til eitt stort vatn.

Stien går vidare sørover langs vatnet. Vi må passera fleire myrer og våte parti, men finn brukbare stiar og klopper som fører oss turrskodde vidare. Langs vatnet er det fleire små strender med svaberg. Her og der ligg det små båtar undre trea, og nokre av hytteeigarane har sett opp små naust og bryggjer.  Hadde det vore sommar ville vi ha hatt mange fine badeplassar langs denne stien, som heile tida er umerka. 

Ved stranda til Bondehytta, går vi opp ein tydelig sti til hyttetunet og tek så stien til høgre og snart er vi på Ørfiskevegen att. Den føl vi no tilbake, passerer den nedraste hytta, går gjennom Luringen og er snart tilbake til utgangspunktet i Sørliveien.

I dag var det ca 0 grader, dels tele, dels is og dels vått. Steinane og røtene som låg på stiane var glatte, så det ville ha vore lurt å bruka vasstette sko med broddar. Vi brukte vel to timar på denne runden på litt over 7  km. Hadde det vore sommar hadde vi funne  mange fine stille plassar å nyta matpakken på, og vi hadde også teke ein dukkert i Ørfiske.  No ventar vi på at snøen og skiløypa skal føra oss på langs av store vakre Ørfiske.

Foto: Anne Berit Hjermann

Skrevet av Kari Tveøy 4. desember 2020